top of page
Søk
  • arlen8869

På innsida av Myklebust Verft

Så var det avtalt: Arez og Myklebust inngjekk avtale og vi skulle ta oppdraget med å vere innleigd prosjektleiar.

Utan tvil spennande, og det var mange spørsmål som surra rundt i hovudet denne turen i januar 2022 på veg til Møre.

Ein tur på ca. 4t 30min-då får ein tid å tenkje, tenkje og tenkje.

Korleis blir vi mottatt?

Kva forventar dei?

Kva kan vi forvente?

Det begynte særs positivt med å føle seg venta. I porten vart det ein hyggeleg portvakt som alt hadde adgangskortet klart slik at vi kunne komme rett inn på området. Blei i tillegg godt instruert på korleis vi skulle finne fram til administrasjonsbygget.

Der venta Verftsdirektør Lars Conradi Andersen, som sjølv var ny på Myklebust, men ein god gammal kjenning som var hyggeleg å treffe i igjen.

Deretter var det «bli kjent runde» med HR sjef Ida for å helse på resten av administrasjonen.

Ingen ting var overlat til tilfeldigheitene - rett og slett terningkast seks på korleis ønske nokon velkommen til oss.

Myklebust er eit verft med lange tradisjonar, masse kunnskap i ryggmargen og utruleg mange flinke og positive menneske.

Det er krevjande å komme frå utsida og inn i ei leiar rolle for deretter å «bestemme» over menneske – flinke, dyktige menneske – der nokon til og med har lengre erfaring innanfor bransjen enn oss.

Godt samarbeid handlar alltid om å gi respekt og å «gå fram» på rett måte- då er det meste gjort.

Ein ting er sikker: Folket på Myklebust KAN det å ta imot nye menneske – det har dei bevist.

Vi følte oss veldig velkomne frå første dag og er no ein heilt naturleg del av organisasjonen.

Vi har funnet tonen uten tvil!

Kan trygt sei at Myklebust verft– eller MVE eller MYKLE som det heiter internt - er flott eit verft med mange gode og flinke skipsbyggere!


Litt om korleis det er å få Arez inn i organisasjonen – Lars CA:


Vi var på jakt etter ein prosjektledar som kunne gi nokre av våre utfordrande prosjekt ny energi og nye perspektiv.

Gjengen bak Arez kjenner eg godt fra tidligare, og hadde forventingar til kva Erlend kunne tilføre oss.

Eit år seinare kan vi oppsummere med at vi er særs nøgde med jobben som er gjort.

Samspelet med vår organisasjon var på plass frå første stund, og vi har lykkast godt med prosjektgjennomføringa.

Profesjonalitet og god styring på både økonomi og framdrift er nøkkelen i god prosjektstyring, og Erlend har saman med våre eigne levert veldig bra.


260 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page