top of page
Søk

TETT PÅ AREZ august 22

arlen8869

Litt om kvardagen med å starte bedrift..

Tema denne gangen er «kordan er det å switche bransje og tar Arez på seg oppdrag i alle bransjar?»


Vi får ein del spørsmål om kordan det er å plutseleg «switche» over til ein anna bransje og er eit prosjekt eit prosjekt uansett bransje?


Når vi først starta for litt over eit år sidan hadde vi sjølvsagt tankar om kva bransje vi skulle jobbe i/for og kva arbeidsoppgåvene skulle vere, men samtidig har vi heile vegen vore open for at ting kan endre seg under vegs.


Vi fekk tidleg høyre at, «det blir ofte ikkje som de har tenkt, de kan ende opp med å gjere heilt andre ting enn planlagt»..bla når vi deltok på kurs i entreprenørskap i regi av Vestland fylkeskommune var dette eit tema. www.vestlandsfylke.no.


Planen frå start har vore å tilby tjenester innan det maritime og i hovudsak prosjektleiing og økonomisk oppfølging av prosjekt.


Hovedfokuset er framleis maritim sektor, men vi tek på oss oppdrag i andre bransjar også!


Så langt har vi både tatt oppdrag utanfor det maritime og utanfor oppgåvene vi først såg føre oss. Alt går etter planen med andre ord😂👌

Nokre eksempel på dette er gjennomgang av prosjektrutinar, opplæring og forslag til forbedring.

Lage prosjektrapport, tag-system (merking av kostnadar), få på plass rapporteringsrutinar og rutinar for å håndtere ulike oppgåver.


Vi visste ikkje på førehand om det ville bli enkelt å «switche» over til ein anna bransje og bruke erfaringa vi opparbeida oss etter mange år i verftsindustrien, men vi tenkte/ trudde at det var mykje som var overførbart. Dette er noko av det som er spanande med å starte bedrift.. vi trur og tenkjer mykje, så erfarer vi etter kvart om vi har bomma eller treft☺️


👉Erfaringa så langt er at når det kjem til prosjektleiing og økonomisk oppfølging er hovudlinjene like.

Kva som skal følgjast opp er ulikt, men prosjektet skal framleis følgjast tett og rapporterast under vegs.


Det er alltid spanande å kome inn i nye prosjekt og å «snu hovudet» for å tilpasse behovet i akkurat det prosjektet, det er iblant utfordrande, men samstundes er det dette som gjer det å jobbe med prosjekt så kjekt og spanande😁


Du skal kjenne det i magen når du går inn i noko nytt med ein ny kunde, då presterer du betre og du veks på erfaringa!


Vi kjenner vertfall at vi likar å bli kjent med nye bransjar, ulike selskap og folk.

Vi trivast med små og store utfordringar, så vi er klar for fleire!





 
 
 

Comments


bottom of page