Søk
  • arlen8869

TETT PÅ AREZ mai 22

Litt om kvardagen med å starte bedrift..

Tema denne gangen er pendlertilværelsen.


Kordan er det eigentleg å farte rundt?

Gjerne vere stasjonert ein stad delar av veka eller køyre fram og tilbake lange strekninger same dag.


Det er -som med alt anna-fordelar og ulemper!


Ein av fordelane er at vi blir betre kjent utanfor området vi vanlegvis ferdast og dermed oppdagar nye stader vi ikkje kjende til..

litt som ei oppdagingsferd☺️


Veldig kjekt å kunne få tilknyting til fleire stadar- både plassen, folket og ikkje minst arbeidsplassen vi er innom. Det å utvide nettverk og erfaring samtidig som ein er privilegert med å få farte rundt i vår flotte del av Norge, er eit stort pluss i det å vere pendlar.


Det kan til tider vere strevsomt å stadig vere på farten. Kjappe måltid, lett for å bli lange dagar på jobb. Til tider lange avstandar, mykje tid i bil og det å glipp av ting som skjer heime, spesielt når ein gjerne skulle fått med seg alt.


Elles skjer det jo mykje rart på vegen slik som de veit.. vegarbeid, stengde fjellovergangar, kø, dårleg føre og ymse køyring for å nemne noko. Ja, det hender vi blir både oppgidde og frustrere!


MEN så kjem vi over nydelege solnedgangar, glitrande sjø, dyreliv, snø på fjelltoppane og vi får nok ein gong opp auga for den flotte naturen vi har rundt oss. Då er dagen fantastisk!


Vi har lært at når slitsame situasjonar oppstår gjeld det å fokusere på det positive!


Høyre lydbok, høg musikk og song er ein mykje brukt syssel i bilen.


Og veit de kva? Det hjelper! I alle fall om ein er eit godt team som backer kvarandre slik som vi i Arez☺️


167 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle