Søk
  • arlen8869

TETT PÅ AREZ september 22

Litt om kvardagen med å starte bedrift..

Tema denne gangen er "messer". Kvifor reise på messe, må du ha stand, og kva gjer du der om ikkje?


Som alt anna nytt, undrar du på kordan gjere dette best mogleg og er dette viktig?

Stiller du på messe og "surrar rundt"? Snakkar med kjente og ukjente? Kva er eigentleg formålet med å reise på messe?


Kan stolt fortelje at vi har vorte flinkare på dette også- med litt øving!

Dersom vi var usikker i starten, så er vi ikkje det lenger. Messer er ein viktig arena for å utvide nettverk og ta vare på eksisterande relasjonar!


Første messa vi deltok på var fire månader etter vi starta firmaet.

Vi var usikre på kordan vi skulle gripe dette an og famla oss litt fram.


Starta med å oppsøke kjente fjes og snakka om gamalt og nytt. Kjende på at dette gjerne ikkje var nok, vi skulle jo skaffe nye kontaktar!

Deretter fann vi ei oversikt over alle utstillarar og starta velje ut nokre vi synest vi burde ta ein prat med. Gjekk nokre gangar forbi før vi moa oss opp til å ta kontakt og var veldig nøgde når steget var tatt. Det førte alltid til ein hyggeleg prat, og var slett ikkje skummelt som vi kjende på før vi hoppa i det. Dette vaks vi på!


Når vi i dag reiser på messe eit år etter første entrè, har vi laga oss ein konkret plan for kva vi skal. Vi har gått gjennom utstillar lista på førehand og laga liste over alle vi SKAL kontakte og dei vi KAN kontakte. I tillegg til å gjennomføre det som står på lista, snakkar vi også med ein del tilfeldige.

Mykje kjekkare oppleving å kome forberedt!

Vi kontaktar også nokre på førehand.

Godt å ha litt avtalar om mogeleg.


Vi set oss også inn i kva som skjer på kveldane.

Nettverksbygging er vel så viktig på kveld som på dagen. Det er ikkje alltid lett å finne dei mest populære stadane, så det hender vi bommar, men vi lærer av det også.


Konklusjon: Vi har erfart at det er viktig å reise på messer uansett om du har stand eller ikkje.


Viktigast av alt..ikkje gje opp!

Alle blir betre med litt øvelse!

94 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle