top of page
Søk
  • arlen8869

Tett på Arez_Februar

På tide å dele litt igjen frå kvardagen med å starte bedrift. Her skjer stadig nye ting, det er ei spennande verd!


Det er verkeleg ei berg-og-dal-bane av utfordringar og sigrar, og vi trivast med det det!

Kvar dag byr på noko nytt. Utfordringar som får pulsen til å stige eller vakum der vi  ventar i spaning på avklaring av ei kontrakt. Og det er akkurat det som gjer kvar dag unik.


Møter, reiser, telefonar og felles brainstorming for å løyse utfordringar, eller tenke nye tankar er ein del av kvardagen.

Vi trivast med at det er full fart-og det er det absolutt i martim sektor for tida.


Fekk spørsmålet om vi nokon sinne har angra på at vi starta eige firma?              Svaret er: Nei!


Snakk om å ha personleg utvikling! Det får du verkeleg om du startar noko sjølv. Arbeidsoppgåver som vi såg på som usannsynleg at vi skulle jobbe med -anten fordi dei var utanfor komfortsona (sal, lage innlegg osv) eller fordi vi ikkje hadde gjort det tidlegare-blir plutseleg utført nesten utan å blunke.


Og sjølvsagt, den følelsen.. å sjå resultatet av innsatsen vår betalar seg – det er ubeskrivelig. Vi feirer kvar milepæl som om det er en seier i seg sjølv, fordi vi vet kor mye arbeid som ligger bak og kor mange personlege grenser som er flytta.

Vi er en samansveisa gjeng som støttar kvarandre gjennom tjukt og tynt. Teamarbeidet og samhaldet er heilt fantastisk og veldig viktig!


Er vi alltid er einige? Nei, vi er ikkje det, men takhøgda for diskusjonar er uendeleg!


Vi jobbar saman mot felles mål, og det er ingenting som kan stoppe oss!

Så, hvis du nokon gang lurer på kordan det er å være en del av ein startup, kan vi berre sei: Det er hektisk, det er spanande, det er utfordrande, og det er ein reise vi aldri ville byttet vekk for noko i verda!


200 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page