Arez har sidan august i fjor hatt ein ny medarbeidar med i gjengen.
Dette er ein kar vi kjenner godt frå før, og som vi har hatt som ein nær kollega gjennom mange år i vår tid som verftsarbeidarar.
Stig Breidvik har fått Arez oppdraget med skrog oppfølging i utlandet.
Dermed er han i gang med rotasjons arbeid – der han har arbeidsstad i Tyrkia.
Stig har lang erfaring og masse kompetanse når det gjeld nybygg og kjenner skrogverftet han no jobbar på godt frå før.
Ja, det er ein kjekk og flink kar vi har fått med på laget.
Tilbakemelding frå Stig sjølv er at han er godt nøgd med den nye kvardagen sin, og at det å skifte arbeidsplass både var spennande og passa godt inn i livssituasjonen elles.
I tillegg er det å jobbe i eit anna land noko som også gir litt perspektiv på ting.
Stig legg også til ar dei største utfordringane med ein slik jobb er språket og kulturen.
Det å vere godt førebudd på akkurat den biten, samtidig som ein må tilnærma seg kulturen på ein god måte, har ført til at det har gått betre enn først venta.
Han dreg også fram at det å ha gode medarbeidarar i teametsitt i Tyrkia der ein spelar på kompetansen til kvar og ein -er ein suksessfaktor for å få best mogleg resultat og flyt i arbeidet.
So likar jo vi andre i Arez å tru at det er ikkje så verst å ha oss med i kulissane heller😊
Det einaste som kan vere litt mindre positivt – om vi skal tru Stig ( og det skal vi jo) - er at frå å bruke10 min til jobb, må arbeidsreisene no planleggast godt. Og skulle det dukke opp noko, så er ikkje berre å reise heim att for å ordne opp.
Stig er eit godt eksempel på at det å ta på seg nye oppdrag – sjølv etter mange år på same arbeidsplass – kan vere ein fin ting.
Det å bli kjent med mange nye folk, få nye utfordringar å bryne seg på, få bruke kompetansen sin på ein ny måte og få tileigne seg meir kunnskap- er aldri feil, og aldri for seint.
Og for ein som er vand med vestlandsvær er jo heller ikkje sol og varme å forakte - sjølv om det av og til kan bli i varmaste laget på sommaren.
Vi i Arez er glad for å ha fått Stig ombord, og ikkje minst er det gledeleg å kunne vere med å bidra til at også andre kan få kjenne på gleden av nye spennande utfordringar


Comments