top of page
Søk

Tett på Arez_Juni23

arlen8869

Den følelsen!

 

Sidan vi starta Arez har vi vore veldig fokusert på å ta kontakt med andre selskap og personar.

Følgt tanken på at det er vårt ansvar å gjere kjent at vi finnast, ikkje forvente at andre skal ta kontakt å spørje kvifor vi er der og kva vi gjere på.

Det er VI som må ta initiativet til den første samtalen.

Utfordrande eller ikkje, det må gjerast og vi har gjort det.

 

Etter 2 år er det blitt godt innarbeida, vi treng ikkje lenger fokusere spesielt på det for å gjere det, det går endeleg meir eller mindre på automatikk.

Kordan blir då reaksjonen når situasjonen plutseleg ein dag har snudd og vi ikkje er forberedt på nettopp det?

Då snakka vi om «DEN FØLELSEN»!

At det går an, ein så liten ting i den store samanheng føles SÅ stor -som ein siger på vegen.

Her opplever vi for første gang at nokon oppsøker oss når vi er på samling, har høyrt om oss, veit kven vi er og kva vi jobbar med!

Synest det vi gjer er spanande og har høyrt gode ting om oss.HURRA!

 

Når du er ei «start up» bedrift er dette ein milepæl på vegen.

Det gjer godt å få stadfesta at jobben vi har gjort sidan vi starta, å gjere omverda klar over at vi finnast har i alle fall lykkast litt.

Vi er på ingen måte i mål, jobben må fortsette, men eit lite HURRA på vegen tilet vi oss!

Så til alle deke andre «start up`s» der ute:

STÅ PÅ! -Feir delmål «langs med» det skapar motivasjon til fortsettelsen!

Vi heiar på deke!

 


 
 
 

Comments


bottom of page