Søk
  • arlen8869

TETT PÅ AREZ_Mars 22

Litt om kvardagen med å starte bedrift.

Tema denne gangen er BLOGGING.


Vi var klar over at det er ein del ukjent terreng med å starte bedrift-alt går ikkje etter planen og ein har ikkje kompetanse på mykje ein kjem bort i.


Eksempelvis viste vi at der er ein del skjema som må fyllast ut og at vi måtte venne oss til å presentere oss.

Derimot var det ting vi ikkje tenkte særleg over: BLOGGING!🙉


Ingen av oss såg føre seg at vi måtte bli komfortable med å blogge i ein alder av 40+!

Brukar å le av dette, då vi synest det er litt artig å kalle oss bloggarar.

-noko vi aldri har assosiert oss med.


For nokon fell det å blogge heilt naturleg, men slettes ikkje for alle.

Vi har lese råd om å bruke/ikkje bruke emoji’s, tør å gjere feil, skriv lett og ledig osv..

Vi vil så gjerne få det til, men det er ikkje enkelt!


Trøsta er at det sikkert går lettare etter kvart, slik det meste gjer, men akkurat no les vi over utkastet både to og tre ganger.

Emoji’s blir lagt inn og fjerna før vi tek sats og publiserar.


Jaja! Vi tenkjer å øve til vi blir både gode og komfortable med blogging!

Gir ikkje opp, og ser fram til å kunne kalle oss bloggarar- kanskje bedriftsbloggarar☺️

Vi seier som Pippi: Dette har vi ikkje gjort før, så dette klarer vi sikkert!




156 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle