top of page
Søk
  • arlen8869

Tett på Arez_Ulike kulturar


Har du jobba saman med folk frå ulike land og kulturar?

Kordan opplever du det, er det utfordrande?

 

Vår erfaring er - kort opp summert: spennande, fortvilande, frustrerande, lærerikt og kjekt.

Lovar og reglar kan vere svært ulike frå land til land – men etter vår erfaring er det kulturen som ofte er den som skapar mest forvirring og til tider frustrasjon. Tenk at vi kan vere so ulike sjølv om det ikkje er så langt mellom landegrensene.

Vi utfører oppgåver annleis, føl planar -eller ikkje - på ulik måte, og vioppfattar saker til tider veldig ulikt.


Dette skapar ofte frustrasjon, og vi blir litt oppgitt innimellom. Ja, for oss trauste nordmenn synest vi at ein kan ende opp med å bruke tida heilt feil. Kvifor ikkje berre gjer ting slik vi er vant til? Kjenner du deg igjen?


I tillegg er det enkelte stader eit hierarki som er styrande– noko vi her i Norge ikkje har på same måte - heldigvis. Som uforståande er detganske fasinerande å vere vitne til, samtidig som vi blir veldig takksam for den flate strukturen vi er so heldige å vere vant med her til lands.


Vi skal heller ikkje gløyme at arbeidar vernet er ikkje like sterkt alle stadar, og dermed mister vi ofte samspelet som går på fleksibilitet/openheit. Dette kan føre til at det blir vanskelegare enn «normalt» å få dei rette innspela.

Vår erfaring er å vise respekt – både for kulturskilnadar og personar, samtidig som ein må ha «klar tale» på det som er viktig.


Mykje handlar om måten du og eg omgår andre menneske på.

Spesielt ser vi at som kvinne er det interessant å vandre i mannsdominerte yrker med ulike nasjonar.

Har faktisk opplevd at informasjon/beskjedar gitt av mannlege kollega blir oversett, medan når ei kvinne tek tak i situasjonen – løyser det seg. For å vere heilt ærleg – det var ein god følelse, men det leggast til at dette er opplevd i Norge –utfallet kunne sikkert blitt annleis i andre deler av verden.


Uansett – så har vi i Arez lært mykje om samhandling. Det er viktig å forstå rollefordelinga i alle prosjekt og spesielt i eit internasjonalt eitt. Dersom vi skal få fram det beste i folk, må vi vise tillit og respekt – samtidig som vi må «tilpasse» oss dei ulike kulturane – rett og slett forstå kva og kvifor – og legge opp strategien deretter.


Ikkje vere redd for å sei i frå – men tenk litt på korleis.

Ulike kulturar kan til tider by på utfordringar

– men du verden kor lærerikt det er


114 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

コメント


bottom of page