Kva tenker du?
ER STYRET VIKTIG FOR BEDRIFTA?
ER DET VIKTIG Å FEIRE MILEPÆLAR?
Vi i Arez svarar JA på begge deler!
Derfor tek vi med styret 1 gang i året på styresamling.
Vi tenker at jo tettare relasjon vi bygger i styre, jo lettare blir det å ta opp telefonen og spørre styre til råds, bruke kompetansen deira.
Styret skal være ein støttespelar for dagleg leiar og då er det viktig at terskelen er lav for kommunikasjon begge vegar.
Ved å involvere styret godt, oppnår vi fleire som aktivtarbeider for at Arez skal lykkast.
Vi er veldig nøgde med vår styresamansetjing, meinar vi er eit godt team for Arez. Tusen takk til styret så langt, vi er veldig glade for å ha dykk med på laget Linda Hovland og Karl Eirik Frøysa Hansen!
I år hadde vi styresamling og 2 års jubileum!
Arez vart nemleg registrert i Brønnøysund 27 april 2021.
Tida fyk i godt lag heiter det og det gjer den verkeleg!
Disse to åra har det skjedd mykje og vi er stolte av det vi har fått til så langt.
➢ Vi har hatt arbeid til alle tre, noko vi sjølvsagt var spente på når vi starta.
➢ Vi har tileigna oss ny erfaring og kunnskap
➢ Blitt kjent med mange nye kundar > Bulandet Miljøfisk, Myklebust Verft, Østerbø Maskin, Wergeland Gruppa, Klar Bedrift for å nemne nokon.
➢ Jobba innan kjente områder som prosjektleiing skipsbygging, men også innan nye områder og bransjar.
Oppdrag innan nye områder:
➢ HMS på vindturbinar
➢ Grøn omstilling av næringslivet
➢ Forbedring av prosjektgjennomføring for større selskap
➢ Økonomioppfølging ved bygging av landbasert oppdrettsanlegg
➢ Prosjekt bygging av battericontainere
Dette måtte jo feirast!
Vi slo to fluger i ein smekk og hadde helgesamling for styre på flotte Flatheim Gard på Gaularfjellet.
Snakk om å kome på ein stad der berre skuldrane senka seg. Vi fekk nydeleg mat og god service.
Det flotte med dette i forhold til eit hotell, er at vi følte eigentleg at vi var på besøk hjå vertskapet, ikkje at vi hadde kjøpt eit opphald.
Vi vart verkeleg godt tatt vare på -og er godt nøgde med både styresamling og val av stad å være!
Tusen Takk til Sigurd og Heidi på Flatheim, vi kjem gjerne igjen.
Kommentare