Innovasjon Norge støttar utviklinga av Eraz med 1,6 millionar kroner
- arlen8869
- 9. juli
- 2 min lesing
Vi har ei spanande nyheit å dele: Eraz AS har fått tildelt 1,6 millionar kroner i bedriftsutviklingstilskot frå Innovasjon Norge.
Støtta skal bidra til vidare utvikling av ERAZ – ei ny digital løysing for samhandling og informasjonsforvaltning i maritim næring.
Kvifor utviklar vi ERAZ?
Gjennom mange år har maritim næring arbeidd med store mengder dokumentasjon, informasjon og endringar som er spreidde på ulike system, filområde og organisasjonar. Når eit fartøy går frå planlegging til bygging, vidare til drift, ombygging eller eigarskifte, blir viktig informasjon ofte fragmentert eller vanskeleg å finne att.
ERAZ er utvikla for å løyse nettopp denne utfordringa.
Målet er å samle informasjon om fartøy, prosjekt og dokumentasjon i éi skybasert plattform som følgjer fartøyet gjennom heile livsløpet. Dette skal gjere det enklare for verft, reiarlag og leverandørar å samarbeide, dele informasjon og ta betre avgjerder.
Meir enn dokumenthandtering
ERAZ handlar ikkje berre om lagring av dokument. Vi utviklar ei løysing som skal gi betre sporbarheit, enklare endringshandtering og betre kontroll på informasjon gjennom heile fartøyets levetid.
Eraz vil òg ta bruk kunstig intelligens, automatiserte arbeidsflytar og funksjonalitet som kan bidra til betre vedlikehald, meir effektiv prosjektgjennomføring og auka gjenbruk av komponentar.
Viktig milepåle
Tildelinga frå Innovasjon Norge er ei viktig stadfesting av potensialet i prosjektet og gir oss høve til å auke utviklingstakta betydeleg. Samtidig er dette berre starten.
Vi arbeider vidare med å sikre meir finansiering, etablere nye samarbeid og byggje laget som skal vere med å utvikle ERAZ vidare. Det ligg mykje spennande arbeid framfor oss, og vi gler oss til å dele meir etter kvart som prosjektet utviklar seg.
Bygd på Vestlandet – med internasjonale ambisjonar
ERAZ blir utvikla på Vestlandet, men ambisjonen er langt større. Vi ønskjer å skape ei leiande plattform for digital samhandling og livsløpsforvaltning i maritim næring, med potensial for bruk både nasjonalt og internasjonalt.
Vi takkar Innovasjon Norge for tilliten og ser fram til neste fase av utviklinga.




Kommentarer