top of page

Må ein lande ei kontrakt for at messa skal vere velykka?

arlen8869
9. sep.
1 min lesing

Etter kvar messe kjem ofte dei same spørsmåla:

«Merka de effekt av deltakinga?»

«Har de landa ei kontrakt?»


Det er naturlege spørsmål. Samstundes er det ikkje alltid dei viktigaste.

For dei fleste av oss handlar messer som Nor-Fishing om mykje meir enn sal som kan sporast direkte til nokre få dagar på ei messe.



Verdien ligg ofte i det som er vanskelegast å måle.

Messer gir oss moglegheita til å møte kundar, samarbeidspartnarar og bransjekollegaer ansikt til ansikt 💫


Vi får styrkt eksisterande relasjonar, etablert nye kontaktar og diskutert utfordringar og moglegheiter som ikkje kjem fram i eit Teams-møte eller ein e-posttråd 🪢


Eit godt nettverk blir ikkje bygd på éin dag, og tillit oppstår sjeldan ved første møte. Men kvart møte, kvar samtale og kvar kopp kaffi er med på å leggje grunnlaget for framtidige samarbeid.


Kanskje kjem ikkje resultatet neste veke. Kanskje kjem det om seks månader eller om to år. Men ofte startar det med ein samtale.


Difor reiser vi på Nor-Fishing. Ikkje berre for å selje, men for å lytte, lære, dele erfaringar og vere til stades der bransjen møtast. 🤝


Takk til alle som tok seg tid til ein prat under årets Nor-Fishing messe. Vi ser fram til å halde fram samtalane. 🤩


 
 
 

Kommentarer


bottom of page