top of page
Søk
  • arlen8869

Tok med seg 63 års erfaring

Arlen, Erlend og Rita kjende det vart feil at all opparbeidd kompetanse skulle hamne på «havets botn» og tok med seg 63 års erfaring då dei forlot Havyard sitt verft i Leirvik!


Etter at sjokkmeldinga om nedbemanning på verftet i Leirvik hadde lagt seg litt, var tida inne til å ta grep i eigen situasjon.


Idear som tidlegare berre hadde vore snakka om, vart plutseleg ikkje so urealistiske lenger.


-Eg tok ein telefon til Rita og sa at no skulle vi berre starta opp noko sjølv, og då ho svarte kontant at det gjer vi, var vi i gang, seier Arlen.

Styrken til desse to er utan tvil innafor økonomistyring. Med mange års fartstid på verftet i Leirvik har det vore store tunge prosjekt i form av nybygg til offshore, ferjer, brønnbåtar m.m. som har vore fokusområdet.


- Komplekse og omfattande prosjekt krev mykje oppfølging, også økonomiske. Ein prosjektkontrollar er nesten å rekne som høgre handa til ein prosjektleiar, seier Rita.

Arlen jobba dei siste 9 åra som økonomisjef for verftet, og før det som prosjektkontrollar, medan Rita har sidan 2006 jobba som prosjektkontrollar med tett samarbeid opp mot prosjektleiar.


Ikkje lenge etter at ideen var begynt å ta form, var også Erlend med på laget. Han styrka teamet med mange års erfaring innan prosjektleiing. I tillegg overtok han stillinga som verftsdirektør etter at selskapet gjekk inn i gjeldsforhandlingar i november 2019.


- Ei svært krevjande rolle men samtidig utruleg lærerikt på godt og vondt, i følgje Erlend.

Dei tre har og fått med seg ein tidlegare kollega – Karl Eirik Frøysa Hansen– som deleigar og styreleiar. Han tilfører gruppa kompetanse innanfor revisjon, børsnotering og finans. Karl Eirik jobbar i dag innafor rederi næringa.


Dermed var Arez AS eit faktum, og er no klar for oppdrag - i første omgang innanfor maritim sektor: havbruk, rederi og verft. Målet på sikt er å skape arbeidsplassar for seg sjølv og andre.


  • Vi er gode på prosjektleiing og økonomisk styring med alt det inneber av stort og smått, og er klare for å dele av vår kompetanse med dei som treng å styrke seg på desse områda.

  • Store eller små prosjekt – i innland eller utland. Vi er fleksible, kvalitetsbevisste, og vil skape tryggheit for våre kundar.


 

Kontaktinfo:

Dagleg leiar: Arlen Solheim, arlen@arez.no, tlf: 94 81 92 75



63 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page