top of page
Søk
  • arlen8869

Arez på Wergeland

Då er nok eit Arez oppdrag ferdig, og det er tid for ei lita oppsummering.


Kva har vi lært?


• Vi tok på oss HMS oppdrag i to store prosjekt på Wergeland Base – Hywind Tapen og NNG/Saipem - med nye utfordringar innanfor ein heilt ny industri, ny plass, nye system og mange nye folk å bli kjent med.

• Vi har utvida kompetansen vår med kurs innanfor HMS og Arbeid i høgde, og ikkje minst læring gjennom arbeid og samarbeid.

• Vi har blitt kjent med mange nye flotte folk i mange selskap – både frå inn og utland.

• Vi har gitt av oss sjølv både fagleg og menneskeleg, og vi har fått venner for livet.

Hywind Tampen fekk vi med oss samanstillinga av dei fire siste avtotalt elleve vindturbinar, samt vinter lagring av desse i Fensfjorden.Jobba saman med Equinor, Siemens Gamesa, Aker Solutions m fl

Her har vi vore på HMS oppdrag både på land og til sjøs. Har og fåttturen opp til toppen av to av turbinane – ei oppleving for livet.

På toppen av HY05. I bakgrunnen ser vi 10 stk jacketsar til NNG/Saipem prosjektet

 

NNG/Saipem var det i alt 35 av 54 stålunderstell til vindturbinar på britisk sektor som skulle i land – lagrast - og deretter skipast til kysten av Skottland. Med konstruksjonar på ca. 90 meter i høgde – var det nok eit imponerande oppdrag.


På dette prosjektet var det særs internasjonalt - med britar, italienarar, rumenarar, polakkar etc. Spennande å sjå kulturforskjellar på nært hald – og i tillegg sjå kva som faktisk er mogeleg å få til i lag.


All honnør til alle involverte, og ikkje minst til vår oppdragsgivar –Wergeland.

Dei første Jackets’ane kjem til Sløvåg i Gulen- Snakk om mektig syn


Men trass i kva vi har lært og fått vore med på, er det viktigaste med alle oppdrag at vi leverer det kunden ønsker!


Derfor er tilbakemeldingar viktige å ta med seg.


Frå KHMS Leder hos Wergeland Gruppa:

Jeg vil takke Arez med Rita i spissen,for svært godt utførte oppdrag for WG / WB.

Dere har hatt sentrale roller i to store prosjekt her, vinterlagring av vindmøllene til Equinor, og lagring / modifisering av Jackets tilhørende NnG / Saipem sitt prosjekt i Scotland.


Vi har i disse prosjektene samarbeidet med Aker, Siemens, Equinor, NnG, Saipem, Sarens, B&B, Arise, Crane Norway og mange flere. Ikke minst har vi hatt en stor gruppe innleide arbeidere gjennom VSS, fra mange selskaper og nasjoner. 


Arez har vist en unik evne til å samarbeide på kryss og tvers av organisasjoner, fra arbeider til toppledelse – den egenskapen har virkelig bidratt til det gode HMS resultatet.

Sikkerhet kommer ikke av seg selv, det vet dere, og det har vi andre fått lære oss.

Så godt som alle observasjoner er håndtert, og lukket, over 120, bare i det siste prosjektet!


Jeg vet at innsatsen er satt pris på, av Equinor, NnGog Saipem, men også av oss i WG / WB – og de som «gjorde jobben».

Det har vært lett å samarbeide med deg og dere fra Arez. Takk for innsatsen!

Bjørn-Inge


Med ei slik tilbakemelding kan vi vel kanskje få lov å konstatere at oppdraget vart godt levert, noko som gjer det ekstra kjekt å sjå tilbake på eit år i Sløvågen hos Wergeland.


Tusen takk for oppdraget!

122 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page