top of page
Søk
  • arlen8869

Arez på Hywind Tampen

Nok eit spennande oppdrag for Arez, og denne gangen er det Wergeland Base som er oppdragsgjevar.


Ein utruleg spennande plass, med eit prosjekt som er unikt og utruleg kult.


Det er dei fire siste av totalt elleve vindmøller som no skal samanstillast og plasserast i Nordsjøen for å produsere straum til plattformer på Snorre- og Gullfaks felta.

Det er berre å Google - lese meir, og bli imponert.


Store kjente aktørar i inn og utland er med, og midt oppi alt dette får altso Arez lov å vere ei lita brikke i sluttfasen på eit stort puslespel.


Kjenner det er så moro å vere her. Ein utruleg fin samling med flinke og kjekke folk.


Takksam for sjansen som Wergeland Base har gitt oss til å vere med å bidra inn i deira rolle i prosjektet.


Gleda oss til kommande dagar og veker, få ny innsikt og bidra- og ikkje minst sjå at resten av vindmøllene bli til akkurat det- vindmøller.


92 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page