top of page
Søk
  • arlen8869

Fyrtårn

Når treng du eit lys i mørke i ei bedrift – eit fyrtårn?

Eit fyrtårn kan blant anna beskrivast som eit lys i mørke, og som ein vegvisar.


Det kan vere når man kjenner at ein stadig er på etterskot, når ting hopar seg opp, når «eg må få dette på plass i morgon» – men plutseleg var den dagen over. Ja enkelt sagt når man har altfor stor arbeidsmengde, og ikkje har resursar nok


Men det kan og vere når det er på tide å trykke på den røde knappen og be om hjelp – FØR du hamnar i ein vanskeleg situasjon. Både med ressursmangel, men og for å få kontroll over eit økonomisk uføre, dårleg framdrift i prosjekt – at duhar mista litt av kontrollen – eller er i ferd med å miste den.


Vi veit korleis det er å ha for stor arbeidsmengde, vi har kjent på kroppen korleis det er å trenge hjelp. Eit langt yrkesliv i hektisk miljø har lært oss mykje på godt og vondt.


Arez – kan vere den hjelpa du treng for å få hovudet over vatnet. Kanskje berre i ein overgangsfase -eller over tid. Vi har lang og brei erfaring, som vi stadig ser kan nyttast til meir enn det vi har jobba konkret med tidlegare.


Arez  - kan -  med si erfaring med gjeldshandsaming – vere den raude knappen du treng før det er for seint.


Men kva med vegvisar?


Av og til er det svært nyttig med «nye auge», og om vi får lov å bli kjent med ein organisasjon – kan det absolutt tenkast at vi kan bidra til å finne smartare måtar å jobbe på.


Vi har ikkje nødvendigvis fasiten for deg – men saman kan vi finne ute av det.


Vi er gode på prosjektleiing i alle ledd, og vi veit kva som kan fungere og ein del om kva som absolutt ikkje fungerer.


Så kanskje vi kan vere ditt fyrtårn?


30 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page