top of page
Søk
  • arlen8869

Hywind Tampen og Arez=sant!

Tenk kor heldige vi har vore som har fått høve til å vere ei bitte lita brikke i dette store og viktige prosjektet.

Verdens største flytande havvind park, og Arez var der – i alle fall på slutten av samanstillinga og heilt fram til dei siste turbinane blei taua uttil Snorre og Gullfaks.

Vi var på oppdrag for Wergeland Base – først som HMS koordinator på «sjølve» prosjektet – deretter same rolle då fire av vindturbinane overvintra i Fensfjorden.

 

3 av dei fire FWT’ane som overvintra i Fensfjorden


Eg kom til Sløvågen i september 2022, og vart rett og slett litt hekta på vindturbinar.

Fekk vere vitne til prosessen med å saman stille dei fire siste turbinane i ein serie på totalt elleve, og uansett kva man måtte meine om vindturbinar – så var dette ein neste magisk oppleving. Snakk om puslespel det alt er tima og tilrettelagt ned til minste detalj.

Kjende verkeleg at det å få snuse på ein ny industri, ta på seg kjeledress igjen og vere med på eit eventyr i lag med store profesjonell aktørar,gjorde noko med meg. Nesten tilbake til røtene – men på ein anna måte, og med eit heilt anna produkt.

Sikkerheit alltid i høgsetet– her var det full fokus frå alle involverte.Oppgåva som HMS arbeidar vart dermed enkel, men også svært lærerik.

Tida til midten av mai gjekk fort. Fekk ein del flotte turar til sjøs -spesielt på vinterlagringa vart det ein og annan HMS runde ut fjordenfor å sjekke dei fire vindturbinane.

Einsam majestet


Takknemleg for å ha fått utvida kontaktnettet med så utruleg mange flotte og flinke personar i store og små selskap.

Takknemleg for å fått masse ny kunnskap – både om flytande vindturbinar og nye oppgåver.

Og ikkje minst takknemleg for å fått lov å klatre opp på toppen av to av dei fire siste  - før endeleg slep ut til Nordsjøen.

 

Med GWO kurs i lomma – fekk eg endeleg lov å klatre opp

 

På toppen av HY05 – Wergeland Base i bakgrunnen

246 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page