ENDEDELIG fekk eg anledning å reise til Bulandet å sjå bygginga av pilotanlegget til #Bulandet Miljøfisk LIVE!
Og for ein dag! Bulandet viste seg frå si flottaste side med sol og vindstille.☀️
Må sei at pilotanlegget med dei fire kara som er bygd, er vel så imponerande i verkelegheita, som på bilde.
Synest prosjektet er spenstig, fremoverlent og er stolt over at Arez får bidra med ein liten del ang. bygginga av dette fantastiske anlegget!
Var så heldig å få omvising av nokre av dei dyktige og kjekke folka som jobbar der.
Fekk til og med gå ned i eine karet som snart skal fyllast med laks, og det var god plass sjølv for ein «stor fisk» som meg😄

Så er det spesielt kjekt når vi får slike tilbakemeldingar frå Prosjektleiar Christian:
»Bulandet Miljøfisk har hatt stor nytte av å ha med Arez som kontroller gjennom pilotprosjektet vårt. Det å ha fungerande økonomirutiner som blir fulgt opp daglig er ekstremt viktig i hektiske prosjekt.
Erfaringa Arez har frå andre store prosjekt er veldig nyttig å kombinere med den prosjektstyringsmetodikken vi har valt å jobbe etter og har vist seg å vere ein god match!»
Arez gledar seg til å følgje med på ferdigstilling av prosjektet og sjå når fisken har flytta inn i kara.
Comentarios