top of page
Søk
  • arlen8869

TETT PÅ AREZ.

Litt om kvardagen med å starte bedrift..

Tema denne gangen er råd og veiledning.


Som ny oppstarta bedrift, så er vi «på jakt» etter gode råd, tips, erfaring frå andre som har «gått vegen før oss».


Det finst mange næringsorganisasjonar, næringsklynger og næringshagar som kan/vil hjelpe.

Derfor er det mange val å ta for ei nystarta bedrift.. Det følast av og til litt overveldande !


For kordan skal vi greie å velje «rett» i alt dette ?

Då er det godt å vere fleire ! Ha nokon å diskutere med.


Det er ingen som tek vala for deg, så du må stole på deg sjølv til tross for at dette er «upløgd mark».


Arez vel å støtte seg på dei næraste organisasjonane fordi det følast rett for oss.


I tillegg til organisasjonane har vi også snakka med nokre personar/gründera som har lang erfaring i å starte og utvikle selskap.

Må sei at disse har vore svært imøtekommande og villige til å dele av sine erfaringar !

Det set vi umåteleg pris på !

#Johnny Haugsbakk #Jan Berg


Jan Berg stilte til og med opp på eit bilete med oss. Han har starta selskap som Scandinavian Electrics og Norwegian Electric systems.


I dag er Jan passert 70 år, og ein skulle gjerne tru at

han då vil nyte pensjonistlivet med «late dagar», men det gjer han verkeleg ikkje !

Han har likegodt starta nytt selskap med store planar innan cruise. Fantastisk !

»Still going strong»!


Vi tek med oss alle gode råd og «køyrer på vidare»!



748 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page