top of page
Søk
  • arlen8869

TETT PÅ AREZ


Litt om kvardagen med å starte bedrift…

Tema denne gangen er kordan er det å være «POTET»?

For oss er dette eit positiv lada ord! Er du ei «potet», kan du brukast til alt.

 

Vi har fått høyre mange gangar i åras løp at vi er poteter og har tenkt at det stemmer godt med at vi likar å drive med mykje forskjelleg og at fleire ulike ting/oppgåver engasjerer oss.


Forskjellen frå tidlegare til i dag er at no er vi meir bevisst det.

Det er eit bevisst val og det er veldig synleg.


Frå vi starta Arez har vi ikkje berre jobba i fleire ulike bransjar, vi har også hive oss ut i ulike jobbar. Vi har tatt på oss oppgåver vi ikkje har utført tidlegare, men aldri noko som vi ikkje trur vi har kvalifikasjonar til å kunne klare. Kunden sine behov er ALLTID i fokus!


Kanskje ikkje dette er heilt vanleg for damer etter det vi les i statestikken også referert i ulike innlegg på sosiale media, men vi gjer det!

På tross av at halvparten av oss i firmaet er akkurat det – damer!


➢ Klart det er spanande

➢ Klart vi er litt nervøse

➢ Klart vi stiller oss spørsmålet, er eg god til dette da? (iallfall oss Arez damer)

➢ Klart vi gir alt og helst litt til

➢ KLART VI KLARAR DET

 

Dersom det kunne vist utanpå kor mykje vi har vokse på erfaringane, hadde vi alle minst vore 3 meter no.

Dette har vist oss at vi kan og innehar kompetanse på uendeleg mykje meir enn akkurat dei oppgåvene vi har jobba mest med gjennom åra.

Vi har jo alle vore potet heile vegen og dermed vore innom mykje meir enn det hovudoppgåvene våre skulle tilseie.


Endeleg får vi brukt fleire av eigenskapane våre til nytte for fornøgde kundar, og vi vil hevde at vi er blitt «ei betre potet».

Vi er glade for å definere oss som «poteter» og vil fortsette med det.

69 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page