top of page
Søk
  • arlen8869

Tett på Arez, kva skjer ?

Litt om kvardagen med å starte bedrift..

Tema denne gangen er sal.


Vi som «alle andre» har høyrt at «Ting Tar Tid».

..ein skal reise mykje/ presentere mykje før ein «landar» eit sal !


Jojo, det veit vi-og forstår vi, men kven skulle tru at det er krevjande å gjere noko så kjekt ?


Vi møter masse nye kjekke og positive folk og får verkeleg «opna auga» for kor mange spanande bedrifter og kor mykje som skjer både i og utanfor nærområdet vårt.


Det gjer oss stolte å vere vestlendingar og bu i grisgrente strok der ein torer satse og pågangsmotet er stort !👏🏻

Etter slike møter er vi fulle av nye positive inntrykk, men og «heilt tomme».


Dette var vi ikkje heilt forberedt på, men det «går seg til» etter kvart som dette blir kvardagen vår☺️

Elles kan vi bekrefte at « Ting Tar Tid…og i blandt kjenner ein på frustrasjon over at ikkje «ting» skjer fort nok !


Vi slår oss til ro med at dette er « HEILT NORMALT» og « køyrer på vidare»! 😉🏎



714 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page