top of page
Søk
  • arlen8869

Tett på Arez_in house?

Oppdatert: 5. feb. 2023


Brukar vi ulike uttrykk av gamal vane?

Svarar vi automatisk på ein del ting utan å tenke gjennom kva det betyr- i dag?

Veit du at hjernen automatisk gjentar ulike avgjersle?

 

Tenker for eksempel på dette med å ha folk «in house»…kva betyr dette? -og betyr det det same i dag som for 10 år sidan?


Eg las for ei tid tilbake ei bok om at hjernen tar mange avgjerslepå automatikk. Den gjenkjenner situasjonar som har oppstått tidlagar og repeterer konklusjon og svar.


Eg har ofte fått dette svaret når eg spør om det kan være eit alternativ å leige inn i kortare el lengre periode i staden for fast tilsetting. «Vi vil ha kompetansen in house», og eg har svart «sjølvsagt er det å føretrekke», dette på bakgrunn av gamal vane…for det var slik før, best å ha kompetansen «in house», då folk var i same jobben i 10-30 år, men det eg lurer på er -har ein kompetansen «in house» om ein tilsette i dag og gjer ein dette svaret av «gamal vane» eller er det automatikken i hjernen som gjenbruker gamle svar?


Det seiast at dei unge i dag ikkje er interessert å ha same jobben i 5 år eller lengre.


Denne generasjonen synest andre verdiar er viktige enn føregåande generasjonar og har ikkje som pri 1 å ha ein trygg jobb i 30år!


MEN om det no er slik at du ikkje kan forvente at arbeidstakarar står lengre i jobben enn i snitt 3 år, kva er då forskjellen mellom «in house» og innleige? Du kan leige inn ein person i 3 år og lengre for den saks skyld. Då er vel ressursen like mykje «in house» ved innleige som fast tilsett? Evt. at det er ikkje noko som heiter «in house» lenger, heller out house eller around thehouse/world.


Billegare å tilsette enn å leige inn? Er det verkeleg det? Sjekkar ein dette før det blir brukt som argument eller er dette også noko som blir sagt av gamal vane?

 

… kanskje disse argumenta har utspelt si rolle, gått ut på dato, høyrer til ei svunnen tid, kva tenker du?

Kjem du på andre ting du svarar på automatikk utan å tenke gjennom om det stemmer med slik det er i dag?


161 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page