top of page
Søk
  • arlen8869

Tett på Arez_Kurs

I starten av februar fekk Arez lov å vere med Wergeland Base på GWO working at heights kurs.

Eit kurs som gir oss eit innblikk og lærer oss det grunnleggande for det å arbeide i høgde, og som HMS koordinator på vinterlagring av vindturbinar i Fensfjorden – er det jo kjekt å kunne ha lov å utøve HMS arbeid også i høgda – om det blir behov.


På kurset fekk vi god innføring i korleis klatre opp og ned med verneutstyr som er påbode  - som sele, fallsikring og liknande – samt det å redde seg sjølv , blir redda, og fire seg sjølv og ein kollega ned i tryggheit.

Kort opp summert: Kjempekjekt og lærerikt!

Godt høgdeskrekken er kurert frå før av, og at det dermed berre var gangsperre i armane og blåmerke som gjorde seg gjeldande etter kurset.

Nok ein gong kan vi konstatere at det er ein flott gjeng vi har blitt kjent med gjennom vår tid her på Sløvåg. Dei gir oss utfordingar og tillit som vi set stor pris på.

Det å stadig lære nye ting, bli kjent med nye menneske og gjere ting ein ikkje har tenkt ein skulle gjere ein gong – er no blitt kvardagen. Snakk om å vere heldig!


In action: Redde kollega ned frå arbeid i høgda.

122 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page