top of page
Søk
  • arlen8869

Tett på Arez_November 22

Litt om kvardagen med å starte bedrift..

Varierande arbeidsmengde, i overkant masse eller litt lite? Ja, det er stort sett enten eller.


Kordan er det å ikkje ha lang horisont på arbeidet?

Heilt ærleg, så er det utfordrande innimellom.


Lengre oppdrag gjer tryggheit. Du veit kva dagane skal fyllast med i lang tid, og du veit kva inntekt som kjem inn kvar månad.


Det vil vere løgn å sei at det ikkje kjennast på kroppen når eit oppdrag er avslutta og vi ikkje har eit nytt klart med det same.


Det skjer! Og vi føler!


Då er det viktig:

* Å tenke opp og fram

* Fokusere på kva som må gjerast for å bli lagt merke til

* Kva har vi vanlegvis ikkje tid til når vi er i oppdrag for andre

*Kva må jobbast med for å nå måla våre


Det er ikkje alltid enkelt, men vi veit også at det er "hardt arbeid" å starte bedrift.

Ikkje nødvendigvis fysisk hardt, men like mykje mentalt.


MEN om du greier å snu fokus, å tenke framover, fokusere på arbeidsoppgåvene du kan ta tak i, så gir det mykje!

*God følelse og meistring

*Du utfordrar deg sjølv og veka som menneske

*Du blir sterkare

*Det gjer resultat


Vi blir utruleg glade når eit nytt oppdrag "landar".


Tilfredsstillelsen ved at vi har ordna alt sjølv, deg vart ikkje servert oss, meinar vi er verdt det -også i usikre tider.



171 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page